Nordisk samarbeid og EU

af Steinulf Tungesvik
 

 Det nordiske samarbeidet lever vidare etter at to nordiske land til melde seg inn i EU i 1995. Dagsorden i nordiske fora er i mykje større grad påverka av EU-relaterte spørsmål enn før, men framleis blir det internt nordiske prioritert. Det er avgjerande viktig at Nordisk råd ikkje forfell til ein diskusjonsklubb for EU-saker. For å få til det, må vi våge å ta dristigare nordiske løft i åra framover.

Medan det offisielle nordiske samarbeidet opphavleg var eit internt nordisk samarbeid som resulterte i viktige reformar som passunion, felles arbeidsmarknad, like sosial- og trygderettar og ei lang rekkje andre regelharmoniseringar, har samarbeidet utvikla seg også i to andre retningar i det siste tiåret før tusenårsskiftet. Nærområdedimensjonen og Europa-dimensjonen er ein konsekvens av oppløysinga av Sovjetunionen og Sverige og Finlands innmelding i EU.
 

Det internt nordiske

Eg legg vækt på det internt nordiske som det som alltid vil vere den grunnleggjande og viktigaste del av det nordiske samarbeidet. Det blir også bore fram av eit klart folkeleg ønske. Sjølv om det finst markerte forskjellar mellom dei nordiske landa både i kultur og natur, så er det også sterke band som bind folk og nasjonar saman. Det eksisterer langt på veg eit språkleg fellesskap, ei kulturell fellesarv, likskaps-trekk i demokratisk oppbygde samfunnsmodellar og samanfallande vurderingar av verdiar og normer.

Derfor prioriterer ikkje berre dei nordiske styresmaktene det nordiske samarbeidet høgt. Det same gjer dei nordiske folka i stor breidd.

Det internt nordiske samarbeidet er i utvikling. I 1998 vart eit utval sett ned for å definere nye område for samarbeid. Utvalet rapporterte sommaren 1999 og dei nordiske samarbeidsministrane har no sett ned eit "Vismannspanel" som skal gje ei overordna vurdering av det nordiske samarbeidet inn i eit nytt tusenår. I november 1998 vedtok statsministrane ein miljødeklarasjon om "Eit haldbart Norden".

Ein viktig del av det nordiske samarbeidet skjer utanfor dei offisielle kanalane og er knytt til eit frivillig, ofte idealistisk, samarbeid mellom folkelege organisasjonar. Det norske formannskapet tok i 1997 initiativ til ein strategi for samarbeid med den frivillige sektor.

Det islandske formannsskapet i 1999 har ikkje minst sett det vestnordiske samarbeidet i fokus. I programmet "Folk og hav" blir område som miljø, havforsking og ressursforvaltning framheva. Dette er område med klåre fellesinteresser for Island, Grønland Færøyane og Noreg (som utgjer Norden utanfor EU!).
 

Europa-dimensjonen

Med tre nordiske land i EU, og resten i EØS, er det behov for ein ny type samarbeid, konsultasjonar og erfaringsutveksling mellom landa. Målet er å identifisere og ivareta fellesnordiske interesser i europapolitikken. Dette har ikkje vore svært vellukka på mange område. Aktuelle EU/EØS-spørsmål står på dagsorden i alle møter i ministerråd og embetsmannskomitear. Det utviklar seg på dette området eit stadig tettare samarbeid mellom de nordiske hovudstadene, Ministerrådet i København og de nordiske EU-delegasjonane i Brussel.

Det tradisjonelt nære nordiske samarbeid på området for utviklingshjelp og humanitært arbeid er vidareført, og dei nordiske landa freistar trass i ulik EU-tilknyting å opprettholde eit nært samarbeid i internasjonale organisasjonar, særleg innan FN-systemet. Dette betyder at Sverige, Danmark og Finland profitterer på Noreg og Islands frie utanrikspolitiske stemmer, ved at dei to siste fremjar nordiske synspunkt der EU-landa blir kontrollert av EUs felles haldning. Dei endra politiske rammevilkåra har ikkje ført til at det er etablert formelle ministerråd for høvesvis utanriks- og forsvarsministrane, men spørsmålet har vore reist frå finsk og islandsk side Nordisk Ministerråds arbeid med Europa-spørsmål konsentrerer seg om spørsmål der dei nordiske landa har felles interesser og tenar og til å byggje bru mellom dei nordiske EUog EØS-medlemene. Samarbeidet har i det store og heile karakter av samråd og informasjonsutveksling, og avvik vesentleg frå Ministerrådets arbeid i Nærområda, der ein har eit eige program og budsjett for å setje i verk konkrete prosjekt i følgje vedtekne politiske mål. Forholdet til EU og EØS inngår som ein integrert del av prioriteringane på Ministerrådets mange fagsektorar. Informasjonsutveksling skjer både i førebuingsfasen, før møte i EUs ministerråd og i implementeringsfasen etter at eit formelt vedtak er gjort. Ikkje minst omsynet til den nordiske rettslikskapen har vege tungt i samband med førebuingsfasen og implementering av nye EU-direktiv. Lovsamarbeidet er særleg utvikla på næringsmiddel- og forbrukarområdet. Noreg, Sverige og Danmark har t.d. alle tre køyrt saker overfor Brussel mot full implementerng av matsminkedirektiva. Sverige har tapt. Danmark tapte i oktober. Noreg står igjen, og har trumfkortet: Rett til å leggje ned veto mot direktiva dersom EU ikkje innvilgar unntak.
 

Meir dristig samarbeid

Det er tid for eit meir dristig nordisk samarbeid. Samordninga i forhold til EU-saker er eit pliktløp, som kan vere eit viktig kontaktpunkt i nokre saker. Men det er tydeleg nok at dei nordiske EU-landa ikkje vil samordna seg innad i EU i mange spørsmål. I oktober 1999 reiste oije- og energiminister Marit Arnstad i samband med eit besøk i Finland igjen spørmsålet om eit nordisk energisamarbeid, med mål om sjølvforsyning innad i Norden, og overgang til mindre klimaøydeleggjande energiberarar enn vi bruker i dag.

I avisa Aftenposten 23. oktober 1999 hadde journalist Aslak Bonde ein interessant kommentar. Han skreiv om bruken av den store norske oljeformuen, som no blir investert på verdsmarknaden under tilttelen "Hvorfor ikke kjøpe Sverige?". Poenget hans er å bruka (norske) statlege midlar i globaliseringas tidsalder til å syta for lokal eigarkontroll med viktige bedrifter, og han er ikkje berre norsk-nasjonal, men teiknar opp ein nordisk visjon. Han skriv: "En visjon om å møte globaliserings-utfordringen med et samordnet skandinavisk eller nordisk eierskap, ville vært både ny og dristig. Norske politikere kunne til og med prøve å få sine svenske og danske kolleger til å satse på en krone-union i stedet for en euro-union. " Her kan debatten om det nordiske samarbeidet framover byrja.

Steinulf Tungesvik er statssekretær i Sosialdepartementet og styremedlem i "Nei til EU."

(Dec.1999)