24/9 - 2007: NRK-nyheter
- Norge må takle konflikter uten NATOs hjelp


NATO har dratt fra nordatlanteren


SVs forsvarspolitiske talsmann Bjørn Jacobsen, mener det er viktig at Norge skaffer seg flere ben å stå på forsvarspolitisk.

-Det er veldig bra at forsvarssjefen slår fast det som vi alle har visst lenge: NATO har dratt fra Nordatlanteren, og det gir Norge nye utfordringer. Vi må skaffe oss flere alliansepartnere, og der er en nordisk pillar veldig viktig å satse på. Det er viktig å begynne et nytt nordisk forsvarssamarbeid der vi får våre nordiske naboer mer interessert i hva som skjer i nordområdene og i Arktis, sier Jacobsen.

Les mer i: Nato har dratt og Mot oss sjøl i nord



Nato har dratt
Av Bjørn Jacobsen

VG ber meg på leiarplass sove søtt.  Eg kan som ansvarleg forsvarspolitikar dessverre ikkje gjøre det.  Gravferda i Bodø førre dagen nektar meg det. Då blei Nato sitt siste operative element i Noreg lagt ned. Trenden dei siste åra er at Nato legg ned i Nord-Atlanteren samtidlig som vi blir med ut på ekspedisjonar langt vekk. Grunnen til det er delvis positiv fordi trusselen er sett som lav. Men om ikkje andre vil være tilstades i Noreg får vi i alle fall være det sjølv og i alle fall ikkje sende våre militære på meir eller mindre tvilsame oppdrag.

Det bredt samansette forsvarspolitisk utval seier i sin analyse at vi ikkje kan rekne med Nato i den daglige handteringa av nordområda. Dette er ikkje så rart fordi dei nye oppgåvene er mest sivile i høve til miljø, ressursforvaltning og havrett. Eg ser at vi blir meir og meir åleine om å ville satse store ressursar på desse områda i Nato og då er ingenting meir naturleg enn å sjå seg om etter naturleg allierte. Norden er svaret fordi dei vil det same og når vi kan samarbeide i Nordic Battle Group for å løyse problem i Afrika korfor skal vi ikkje då kunne samarbeide i Norden?


Luftovervakingssentralen i Bodø blei flytta til Danmark. Og for all del, det er den teknologiske utviklinga som gjør dette mulig. Same utviklinga er det som gjør at kvert land ikkje kan sitte på alle våpengreiner. I Norden var Danmark først ute då dei først leide ubåt hos Sverige fordi deira eigne vår utgått, for så å legge ned heile ubåt våpenet. Danmark og Noreg har skreve under avtale med Island etter at USA forlèt Keflavik, Noreg og Sverige har ein avtale på 18 punkter. Eg skal ikkje ramse opp meir, men Nordisk samarbeid er ein realitet fordi de fagmilitære ser at det er løysinga på deira problem med at vi politikarar ikkje vil gje dei ubegrensa med pengar. Sverige kutta som kjent forsvaret med 4 milliardar, statsråden gikk, for litt sia. Om og når dette må overførast til doktrine og traktat nivå er for tidleg å seie noko om. Eg berre ser at no følgjer praksis teori.

Skulle så Nato eller EU ha noko i mot at ein region samarbeider meir? Nei slett ikkje. Det vil jo være det endelege beviset på at den kalde krigen er slutt. VG og andre har lenge nok underkommunisert den realiteten at Nato har dratt. Kanskje dei gamle kaldkrigskrigarane har problem med blodtilførselen når Sverige seier at klimaet er trusselen. Eg står støtt saman med Johan Løvland, Noregs første Utanriksminister som i 1905 sa at Noregs vei var saman med dei små land og ikkje med dei europeiske krigarstatar. Kva Einar Gerhardsen meinte om Nordisk forsvarssamarbeid er vel heller ikkje ukjent for VG.

I den gamle songen heiter det: ”Sov dukkelise sov og bli stor, for mens du sover styrer din bror”. Kanskje Noreg ikkje burde dorme i den gamle kaldkrigssøvnen, men heller gå inn i vår tid med samarbeid om miljø, ressursar og havrett. Det er jo det som har støtta våre eigeninteresser heime.



Mot oss sjøl i nord?
Av Bjørn Jacobsen

Stortinget skal behandle nordområdemeldinga før sommaren og forsert olje og gass utvinning er hovedideen frå Regjeringa si side. Kan vi risikere at Tysklands behov for energi vil gå foran ei bærekraftig forvaltning av nordområda og om vi ikkje får fart på kalosjan og får opp olje og gass i ein viss manns tempo så kjem vi på kant med våre tradisjonelt nærmeste allierte?  Samtidig som verden ventar på teknologi, som kan løyse delar av co2 problemet, hastar vi nordover utan å sjele til at lågare tempo i utvinningstakta ville auke utnyttelsesgraden i Sør Norge og legge ein dempar på forløysinga av co2. At dette ville være med på å få opp energiprisen er av vital norsk interesse. At det er i miljøets og dermed heile verdas interesse samtidig er det vel ikkje noko gale i.

Tør vi å erkjenne at vi har heilt motsatt interesse i forhold til energiprisar enn våre nærmaste allierte?  Eller er det ei så tøff erkjenning at vi heller skal lirke og lure oss langs fjæra og håpe at verdsoponionen ikkje oppdagar det?  EU, Kina og USA har for lengst skjønt at ein firedel av petroleumsressursane ligg i nord. Russland er seg bevisst på at her ligg det muligheit for gjenreising av nasjonal sjølkjensle og av rolla som internasjonal storspelar.

Nesten kvar veke kan vi i media høyre ein eller annan arabisk oljeminister seie: Ja vi skal prøve, vi skal sjå kva vi får til.  Kva var det dei ville få til?  Jau, å auke oljeproduksjonen.  Vi veit at ein av grunnane til at Saddam Hussein invaderte Kuwait var at Kuwait auka oljeproduksjonen med det forventa resultat at prisen på olje skulle gå ned. Det vart i staden full krig i to omganger og høgste pris på olje i verdshistoria. Ein av grunnane til at nordområda er så strategisk viktige er at dei kan avlaste det spenningsprega midtausten i høve det å vere ei sikker kjelde til olje og gass leveransar.

Samtidig som det viser for eit press Norge kan komme under. Det forventes at Norge skal være ein sikker leverandør til våre tradisjonelt nære allierte sjøl om vi har motsatt interesse enn dei.  Vi har lik interesse med landa i Midt-Austen, Russland og andre energieksporterande land i høve pris. Vi har lik interesse med alle land som har underskreve Kyoto avtala og andre som ser dei globale miljøutfordringane som viktigast å prioritere framfor mest mulig utvinning av olje og gass på kortast mulig tid.

Dette vil kreve av Norge at vi balanserar
Verdsøkonomien er slik at for dei fleste land som kjøper seg hydrokarbonar så vil dette være positivt for nasjonalrekneskapen. Sjøl med høge prisar som i dag er dette lønnsomt. Uten at dette endres på nko vis vil vi ikkje løyse klimaproblema og heller ikkje komme i nærleiken av bærekraftig utvikling.