Nordisk Folkeriksdag 2008 i Bergen



Finland står som symbol for renessansen av uran som energikjelde
Av Mika Fløjt

Referent: John Dale

Under folkeriksdagen 2008 held Mika Fløjt, forskar knytta til universitetet i Lappland, eit foredrag over temaet  ”Ressursutbytting i finsk Lappland”. Vi sette oss ned med Mika etterpå, for å rekapitulere/diskutere det han sa.

Kvifor er det så viktig for deg å dokumentere at det vert leita etter mineralforekomstar i finsk Lappland ?

Mika svarar at det skjer ei svær opptrapping av leiting etter mineralforekomstar i   denne delen av landet. Sterke multinasjonale selskap er drivkrefter her. Areva Finland, Mawson Energy, Agricola Resources, Cooper Minerals,
Beldevere Resources og Karelia Recources er alle på banen. Dei jaktar m.a. på uran. Boring/ utvinning av uran er i høgste grad ”risky business”.

Ja vel, men du opplyste i foredraget ditt at få opponerer mot denne aktiviteten, at sentrale styresmakter og lokale interesser er positive til denne aktiviteten. Kva er så problemet ?

Det som kanskje uroar Mika mest er at saka har vekt lita offentleg interesse. Som sagt, dette er ikkje uskyldige greier. Motposten er knytta til slikt som har å gjera med liv, helse og miljø. Grunnvatn kan bli forureina. Andre risikofaktorar er radioaktivitet og utslepp av radongassar.
Lappland kan tape sitt omdøme ( image problem), og dermed svekke turistnæringa.

Men kor store er desse ulempene når vi går dei nærare etter i saumane ?

Vi kan lære av erfaringar frå andre land, seier Mika og nemner Australia og Frankrike som eksempel.I det sistnemnde landet, nærare sagt i området Limousine, har folk som vil forsvara kjelder og elvar der reist sak mot Areva.
Uranleiting kan eksempelvis få fylgjer i ein omkrins av 20 km. Vi bør merke oss at Areva og Cooper Minerals faktisk erklært at dei ikkje vil operere altfor nær turistsentra og der det bur mykje folk. Dei vedgår dermed konfliktpotensialet. Men som vi veit, Finland er fullt av gardar og fritidshytter.

Kvifor trur du alt det problematiske med dette ( tryggleiken for liv, helse og miljø) er så underkommunisert i Finland ?

Spørsmålet rører tydelegvis ved djupare drag i den finske politikken. Vår foredragshaldar meiner den offisielle finske politikken er driven av entusiasme for kjernekraft. Denne typen energiproduksjon har møtt mykje motbør men er no på offensiven att. Fleire kjernkraftverk er på trappene. Finland står fram i verda som symbolet på renessansen av uran som energikjelde.Hans viktigaste bodskap er at utvinning av uran og heile ”livssyklysen” uran eksisterer i må bli like godt og opent diskutert som fylgjene av for eksempel biobrensel. Men slik er det ikkje no.

Kan det tenkjast at ein slik kritisk diskusjon kan koma i stand ?

Det skal noko til, slik vi forstår Mika Fløjt. Den finske politikken er prega av konsensus, og uran er ikkje noko nytt i landet. På 1960-talet vart det produsert 30 000 tonn uran i Askola og Paukkajanvaara. Landet har ein kjernekraftindustri. Finland vart ved sitt medlemskap i EU også med i EURATOM.  Alt dette gjer at Finland må stille seg open til multinasjonale selskap og lovgjevinga kan ikkje gå på tvers av Unionen. Men, som sagt, å slutte seg ukritisk til denne utviklinga vil vera svært uheldig, enda verre er det at det meste skjer i ly av eit mørke.

Vi takkar vår finske deltakar for intervjuet og synest han har gjort mykje for å grave fram informasjon frå ulike kjelder. Han kan på ein augneblink bla opp fakta som dokumenterer det han ser på som ressursutbytting i finsk Lappland. For oss som høyrde foredraget er det tydeleg at det offentlege har svikta svikta si informasjons-plikt, og at heller ikkje frivillige miljøorganisasjonar er så kvasse som dei burde vera.