Innlegg Fritt Norden, Laugarvatn Island 30. juli 2006



Norden som global vinnarregion

Av John Dale

Det er langt mellom offentlege rapportar som byr på stimulerande overraskingar. Men brått låg det ein på bordet, og som i positiv forstand gav meg ”bakoversveis”. Bakgrunnen er fylgjande:

I regi av Nordisk Ministerråd har ei stor gruppe ”opinionsleiarar” forsøkt å identifisere kva som kan reknast som spesifikt nordisk, for deretter å tilrå at Norden, for å framstå som ein global vinnarregion, skal satse på ein regional visjon basert på 8 nordiske kjerneverdiar.
Desse verdiane vert summert opp i stikkord som likheit, tillit, liten maktavstand, inkludering, fleksibilitet, respekt for naturen og protestantisk arbeidsmoral.

Som ein første refleks mobiliserte eg skepsis mot dokumentet: Den tilrådde visjonen var altfor vakker til å vera realistisk. For dagens globale konkurranse handlar ikkje om å vera best i demokrati, sosial utjamning eller økologi, jfr. klimapolitikken. Snarare er verda forankra i eit Hobbsk syndrom prega av alles kamp mot alle, der konkurransekraft krev at vi må ofre slike verdiar. Å snu desse frå å vera i ein pressa situasjon, til å bli eit godt kort på handa i den globale konkurransen, vert difor ein svært krevjande operasjon. Den nordiske politiske eliten må i tilfelle ha energi, krefter og vilje til å fokusere på ei nordisk kraftsamling om felles verdiar, slik det står i dokumentet. Men ressursar av denne typen er fråverande, i alle fall pr. dato.

Sjølvsagt er det EU-prosjektet, ikkje Norden, som fyller tankeverda til den nordiske eliten. Og det problematiske er at EU ikkje er ei naturleg vidareføring av det nordiske, korkje i form eller innhald. Felles trekk finst sjølvsagt, og det viktigaste er behovet for samarbeid som fylgjer av teknologiske, økonomiske og også politiske tilhøve.

Men EU skiljer lag med nordiske vediar på avgjerande punkt. For det første er EU uttrykk for ein stormaktsambisjon. Bygginga av den europeiske staten har som mål å plassere EU på det globale kartet  som mektig aktør, økonomisk, politisk og militært. For det andre har EU skapt stor maktavstand, det som vert kalla ”demokratisk underskot”. For det tredje har EU, ved å undervurdere behovet for politisk intervensjon i marknaden, jfr. Lisboa-prosessen, så langt mislukkast, både som vekst-og solidaritetsprosjekt. At reallønene vert pressa ned i den sentrale og vestlege delen av EU, pluss at arbeidsløysa ikke minkar der, har vore til lita hjelp for folka i dei nye medlemslanda i aust. Vi observerer ingen ”vinn/vinn”- situasjon.

Så lenge nordiske politikarar er bundne opp til eit EU-prosjekt som psykologisk og realpolitisk er ”u-nordisk” i sin natur, kan det ikkje forventast at rapporten ”Norden som global vinnarregion” har sjanse til å koma i rampelyset.

Men denne første refleksjonen bør likevel ikkje representere siste ordet i saka.
Visse fakta er så tungtvegande at dei ikkje kan neglisjerast, og dei talar for at den nordiske visjonen kan vinna terreng, både i Europa og i resten av verda, nettopp på dei premissane den nordiske rapporten trekkjer opp. Det er såleis eit faktum at Norden sett utanfrå ofte kjem i eit heldig lys. Jörgen Bengtson har i sitt foredrag dokumentert grundig at Norden og nordiske land  scorar høgt i samanlikningar innan dei fleste område. Eg vil leggja til eit eksempel som ytterlegare har fått både anglosaxarar og kontinentale europearar til å sperre opp augo, det handlar om den vellukka sosiale mobiliteten i Norden. Det viser seg at ¾ av sønene til foreldre som tilhøyrer dei 20 % av folket som utgjer den lægste inntektsgruppa, har når dei passerer 40 år kome seg opp på ein inntektsskala høgare enn sine foreldre. Det er eit resultat langt betre enn det amerikanarane kan oppvise i landet ”with opportunities for all”.Vår sosiale mobilitet er også betre enn den tyske og franske.Hovedforklaringa er den nordiske satsinga på skule og utdanning, dokumentert av OECD.

Denne sosiale mobiliteten hindrar at ungdommen vert låst fast i same sosiale klasse som foreldra, og den vert i litteraturen omtalt som klassereisa. Turen går i all hovedsak oppover, og synest ikkje å leggja ein dempar på den økonomiske veksten, snarare tvert om. Satsing på utdanning betalar seg ved utvikling av spisskompetanse. Dei nordiske landa investerer ikkje i ny, banebrytande grunnforsking, men dei er flinke til å utnytte og utvikle det andre har funne opp, vi snakkar om brukarorientert kompetanse.

Løyndomen bak ein slik suksess er truleg eit heldig samspel mellom politikk og næringsliv, og at dette er bygd på ein oppfatning om at marknaden per se ikkje fungerer harmonisk ( jfr. Adam Smith), noko som tilseier at den må få politisk hjelp for å fungere nokolunde tilfredsstillande, både med tanke på produksjon og fordeling av godene. M.a.o må politiske styresmakter ha til disposisjon eit arsenal av målretta tiltak.

Men dette paradigmet vert i dag vert utfordra av markedsliberalistisk ideologi. Jörgen Bengtsons mange eksempel på nordisk suksess, supplert med mine eigne, kan tilskrivast ein arv som forvirtrar år for år. Rapporten Norden som vinnarregion spring utvilsomt ut av denne arven, i seg sjølv eit godt teikn. Men sjølv om arven minkar, har vi enno mykje å gå på. Det er stadig realistisk å bevare viktige deler av det nordiske særpreget, slik at våre land kan framstå som positive referanseland og dermed påverke landa rundt oss. Konkret er det særleg viktig at  Norge og Island held seg utanfor EU, og at Danmark og Sverige held seg utanfor euro-sona.

Eit poeng her er at f.eks utviklinga i euro-landa kan haldast opp mot tilsvarande utvikling i ”utanforlanda”. Sett i mikroperspektiv kan det konstaterast at den felles mynten har generert ein viss auke i handel og økonomisk vekst, men at gevinsten er liten, og at det ikkje er stort meir å hente. I eit makroperspektiv har euroen vist seg å vera svært problematisk. Med sitt krav til samordning av den økonomiske politikken, som har hindra landa frå å sette i verk tiltak mot t.d. massearbeidsløyse, har mynten blitt ein møllestein rundt halsen på dei nasjonale styresmaktene, eller som engelskmennene seier: ”They have got an albatross around their neck”. Det viser seg at ”utanforlanda ” kan visa til betre resultat, serleg i makroperspektiv, med relativt høgare økonomisk vekst og mindre arbeidsløyse. Utanforlanda” fungerer difor som eit korrektiv. Rett nok vert dette ikkje marknadsført av leiarane for regjeringane i Norden. Dei er EU-entusiastar som av forståelege grunnar ikkje vil slå seg sjølv på kjeften. Men argumentet er sterkt.

Til slutt nokre merknader som har til føremål å sjå saka i eit utvida perspektiv.

Visjonen om Norden som global vinnarregion er sympatisk, og det vil absolutt vera ein god nordisk ambisjon å score betre på dei 8 verdiane enn det andre område i verda får til. Slike samanlikningar er viktige. Men viktigare enn alt er sjølvsagt folks reelle levevilkår. Dei 8 nemnde nordiske verdiane er i rapporten må oppfattast som middel for å oppnå eit anna mål, som er konkurransekraft. Men vi treng jo mål å styre mot, dvs. tankar om kva samfunn vi vil ha. F.eks ynskjer dei fleste av oss fridom og tryggleik og rettferdig fordeling av goder og byrder. I så fall må vi gje oss i kast med dei 5 problema Fritz Holte har skissert. Han fører opp på si liste offentleg fattigdom, massearbeidsløyse, skeiv fordeling av inntekter og velferd, ein brutal arbeidsmarknad for mange og ein produksjonsmåte som forsterkar dei globale miljøproblema. Med unntak av massearbeidsløysa slit dei nordiske landa med desse problema. Holte meiner ikkje noko av dette kan løysast tilfredsstillande innan eit paradigme der økonomisk konkurransekraft er avgjerande premiss.

Det er sjølvsagt ikkje mogeleg å parere slike utfordringar med å hevde at problema er større i andre land. Slik relativisering er mager trøyst. Kva kan vi i våre samfunn tolerere av ulykker som ikke rammar oss sjølve?  Det avgjerande framover er at vi både nasjonalt, regionalt og globalt kan lykkast med å forankre konkurransen i ein sosial kontekst. Det kan berre skje om marknaden i det minste vert korrigert av politikken, enten ved at politiske tiltak vert sett i verk eller avvikla. Behovet for ein viss kontroll av kapitalrørsler eksemplifiserer det første, avvikling av eksportsubsidiar det andre.